Mine spesialitetar

  • Innhaldsutvikling for multiarenaen for kunst og kultur med bibliotek, kulturverkstader, øvingslokale, kulturskule, seniorkultur, kino og gode framføringsarenaer for musikk og teater
  • Scene/teaterteknikk, lyd og lys; spesifikasjonar og gjennomføring av innkjøp i samarbeid med Kulturteknikk, Kultips og Lydmix.
  • Gode prosessar for utvikling av innhald, profil, mål og realistiske driftskonsept
  • Utvikling av avtalar for sambruksanlegg med hotell, bibliotek, kulturskule m.m.
  • Kravspesifikasjonar som grunnlag for arkitektkonkurranse og teknisk planlegging
  • Kvalitetssikring arkitekt og byggefaglege konsulentar
  • Kulturarenaer som del av by- / tettstadutvikling
  • Gode brukarprosessar

Bakgrunn

Arbeidde frå 1993 som dagleg leiar i kulturhuset Gullbring i Bø i Telemark og var med å ta initiativ til Norsk Kulturhusnettverk. Såg at planprosessen for mange nye kulturbygg vår dårleg og at det var behov for systematisert brukarkompetanse. Starta difor eige rådgjevings-firma i 1997.

Våren 2000 arrangerte eg saman med Røros Reiselivslag ein konferanse om samarbeidet hotell og kulturhus om Storstuggu. Konferansen samla ca. 90 deltakarar frå heile landet og var støtta av SND og Kulturdepartementet Rådgjevar for Røros kommune og har seinare jobba for Tønsberg, Vågan, Molde, Rauma, Ulstein, Sortland, Mandal, Volda og Alstahaug kommunar med ulike prosjekt hotell / kulturhus.

Frå 2003 har eg blitt mykje bruka som fordragshaldar på kurs og konferansar m.a. Norsk Form, Folkets Hus Landsforbund, ABM-utvikling, Norsk kulturråd, NOKU og mange kommunar og fylkeskommunar. Siste åra har eg også samarbeidd med Phil Wood frå Comedia, England om seminar med tema kulturarenaer, kulturnæringar og byutvikling over heile landet.

Av formell utdanning har eg bachelorgrad i kultur og administrasjonsfag frå Høgskolen i Telemark, Bø. Kulturkonsulent i Seljord kommune 1988 – 1993 og m.a. sentral i utviklingsarbeidet for regionalt kulturhus der. Initiativtakar til og prosjektleiar for pilotprosjektet for tettstadmiljø i Seljord 1989-92. Frå 1993 til 1997: Dagleg leiar for Gullbring Kulturanlegg AS (8000 m² nybygg) i Bø i byggetida og oppstartfasen.

Frå 1997- d.d. rådgjevar for kulturbygg med heile landet som arbeidsfelt. Sjå referansar. Har hatt store og små oppdrag i meir enn 100 kommunar.


Rune Håndlykken | Juli 2011

Kontakt

Privattelefon: 35 94 45 69
Telefax: 32 88 74 64
Addresse: 2. Strøm Terrasse 15 3046 DRAMMEN
Epost: rune@kulturhusplan.net

Hytteutleige Urke

imgimgimgimgimgimg